21.

juni

18:00

Vaskedugnad Ulvik kyrkje måndag 21. juni 2021

Ulvik kyrkje

Ulvik sokneråd kallar inn til vaskedugnad i kyrkja, måndag 21. juni kl. 18.00 – 20.00.
Ulvik kyrkje treng å vaskast før me opnar opp kyrkja i sommarferien og for hausten si vakraste hending i kyrkja: konfirmasjon, søndag den 12. sept.
Me fjernar spindelvev, slår støvet ut av stolputene, tørkar benkane og støvsyg på stader der ingen kunne tru at støv kunne bu. Kanskje me til og med kan få lysekronene til å skina igjen? Meldt deg på, me finn ei passande oppgåve til alle.
Ifølgje rettningslinjene skal me jobba i god avstand til kvarandre og unngå sosial kontakt. Det blir sett opp eit sjølvbeteningsbord med kaffi, saft og noko å bita i.
Alle er hjarteleg velkomne, men fint om du melder deg på!

mandag 21. juni 2021 kl. 18:00 - 20:00