02.

mai

11:00

Påskegudsteneste

Ådland kyrkje, Samnanger
Vi gler oss over at vi igjen kan samlast for å feira gudsteneste. Pandemien gjorde det umogeleg å feira påskegudstenester i kyrkja i år. Men påsketida er ikkje forbi. Den varer heilt til pinsa. Og påska er den eldste og viktigaste av dei kristne høgtidene. Vi feirar at Jesus Kristus sigra over dødens makt å opna vegen til Gud og himmelen for alle som trur på den oppstadne og krossfesta Jesus Kristus. Leiinga i DNK oppfordrar oss difor til å feira påskedagen søndag 2. mai. Denne søndagen feirar den ortodokse kyrkja påskedag. Det er over 300 millionar ortodokse kristne i verda. Fleirtalet bur i Russland og andre austeuropeiske land, men det fins lokale kyrkjelydar i mange land, også i Noreg. Påskefeiringa 2. mai gir oss anledning til å dela påskegleda med ein stor del av den kristne kyrkja. På denne måten kan vi som kyrkje og lokal kyrkjelyd skapa påskefest saman i kyrkjerommet også i år. Velkomne til påskegudsteneste i Ådland kyrkje!
søndag 02. mai 2021 kl. 11:00 - 12:00
Ådland kyrkje, Samnanger