16.

juni

16:00

OPA KYRKJE - med omvising

Hareid kyrkje
Vi held OPA KYRKJE kvar onsdag ettermiddag kl 16-18 i perioden 16/6 til 11/8 2021 (ikkje ope 23/6). Ein kyrkjevert vil vere til stades for omvising. Kyrkja er ein varm og rolig stad å tilbringe ei ettermiddagsstund. Her er god plass for å halde smittevern-avstand og for den som vil vere heilt i fred. Du kan kome inn og bli så lenge du vil. Tenne lys, site stille, lese, be eller samtale med nokon om du vil det. Dersom du vil ha ei omvising kan kyrkjeverten bidra med det. Kyrkja er eit ope rom for alle livets dagar. Legg gjerne turen innom Hareid kyrkje - vel møtt! Vil du gi ei gåve som takk for besøket, kan du vippse til Hareid sokn: Vipps nr 16290 og merk med "Opa kyrkje"
onsdag 16. juni 2021 kl. 16:00 - 18:00
Hareid kyrkje