13.

mai

11:00

Gudsteneste på Helgetorsdag

Herøy kyrkje
I Herøy kyrkje er det festgudsteneste kl. 11.00. Tema for gudstenesta er at Jesus Kristus reiste tilbake til himmelen etter at han hadde vist seg for mange etter oppstoda frå dei døde. Denne dagen har på folkemunne vorte kalla for «himmelspretten», men her hjå oss kallast den for Helgetorsdag eller Kristi Himmelfartsdag. Medverkande i gudstenesta er fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, organist Dag Johan Flattun, klokkar Ingrid Kalland Warholm m.fl. Det vert dåp av ein liten gut, og vi skal feire nattverdens sakrament. Takkofferet går denne gongen til Kirkens Bymisjon. I Herøy kyrkje har vi plass til 100 personar med godt smittevern. Vel møtt til festgudsteneste!
torsdag 13. mai 2021 kl. 11:00 - 12:15
Herøy kyrkje