Sommarkveld i gamlekyrkja: Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde
Espen Wensaas, gitarist og multiinstrumentalist, er født og vaks opp på Geilo, no busett i Oslo. Bjørn Kåre er frå Lom, spelar fele og komponerer musikk og var årets folkemusiker under Folkelarmprisen i 2019. I mai ga Espen og Bjørn Kåre ut ei plate saman med folkemusikk frå Gudbrandsdalen.
Sommarkveld i gamlekyrkja er ein tradisjonell konsertserie som går av stabelen kvart år i heile juli månad i den vesle, brunsvidde kyrkja fra tidleg 1200-talet. Konsertane byr på ei variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar.
Billettar får du kjøpt på hallingbillett.no og i døra!
Del arrangement
19. juli
20:00 - 21:00
Hol gamle kyrkje
Ålmannvegen 2, 3576 Hol
Kontaktperson:
Lars Inge Tverberg
Del arrangement