Denne nettsiden krever JavaScript. For å kontakte oss, vennligst send en e-post til: skjeri@kirken.noGudsteneste. Dåp, nattverd. Innsetjing av Sokneprest Anders Grytten. | Skjer i kirken
søn 16. januar 2022

Gudsteneste. Dåp, nattverd. Innsetjing av Sokneprest Anders Grytten.

Vel møtt til gudsteneste!
Denne søndagen vert det innsetjing av vår nye sokneprest Anders Grytten.

Kvar sundag feirar vi trua sitt mysterium: Jesus sitt offer og oppstoda frå dei døde.
Gudstenesta har to bolkar:

Ordets del - lesinga av Bibelen:
"Ditt Ord er ein lykt for min fot
og eit lys for min sti"
(Salmenes bok 119:105)

Bordets del - feiringa av nattverden:
Jesus seier: "Sjå, eg står for døra og bankar.
Om nokon høyrer røysta mi og opnar døra,
då vil Eg gå inn til han og halda nattverdmåltid,
eg med han og han med meg."
(Openberringa 3:20)

Kvar søndag har sin eigen profil etter kyrkja si kalender
- der ulike sider ved trua vår vert synleg for oss.
Saman med salmesong og bøner vert vi velsigna til tru, håp og kjærleik.

Praktisk informasjon:

Finn fram på kartet: https://goo.gl/maps/cvZDmNQ4RikEVGe26
Kyrkja
har stor parkeringsplass, og ligg 50 meter frå Moa bussterminal.
Det er HC-toalett og stellerom både i våpenhuset, kontorfløya og i underetasjen.
Kyrkja har universell utforming. Nattverdmåltidet vert delt ut med glutenfritt brød.
søndag 16. januar 2022 kl 11:0012:15
Spjelkavik kyrkje
Vestmoa 20
6018 Ålesund
Spjelkavik kyrkje